Kvifor er det så kaldt?
Eit mykje stilt spørsmål slike dagar. I staden for klimaendringar i revers
og liknande, vil eg rette merksemda mot eit fenomen som
blir kalla "Den nord-atlantiske oscillasjonen".
Sjølv om han mildna noko i dag var det framleis på den kjølege sida:
Volda 9.januar 2010 kl. 13.20
Kva er så denne oscillasjonen? Å oscillere tyder å svinge, i dette
tilfellet gjeld det trykktilhøva i nord-atlanteren. Veiret blir påverka av to
trykksystem, eit høgtrykk ved Azorane og eit lågtrykk ved Island. Når begge
desse trykksystema er kraftige
(høgt trykk i høgtrykket, lågt i lågtrykket), kjem det kraftig vestavind og
mykje ovaburd innover våre område:
Ein seier at ein her har ein positiv NOA-indeks
Når begge trykksystema er svake (som no) vil det lettare legge seg "blokkerande
høgtrykk" over Skandinavia, og vi får tørt
og kaldt veir. Kring Middelhavet får dei det regnet som vi hadde rekna med å
få:
Her er NOA-indeksen negativ.
Eit veirmedingsbilete for onsdag i komande veke illustrerer dette godt:
Som ein ser: Lite sol på Costa Del Sol. Og det same på Vest-Grønland...
Kor lenge vil så dette vare? Sjølvsagt umogeleg å svare på. Men historisk vil ein gjerne oppleve fleire vintrar på rad med same veirtype:
Dei som har levd ei stund, vil sikkert sjå at "god gamaldags vinter" fell saman med ein negativ NOA-indeks.
Her er avviket frå normalen i vintertemperatur siste 110 åra:
Les meir om NAO og frosne appelsiner på Weather
Underground
Og elles om dette fenomenet på Wikipedia.